Unni Eikeseth: Krigens laboratorium
Foto: Scott Aune
Krigens laboratorium (2026) er ei bok som set lys på vitskapsfolk og teknologar si rolle i å drive våpenkappløpet.
Boka løftar fram historiske forteljingar, men også dagsaktuelle skildringar og intervju med fagfolka som jobbar med å utvikle våpen i Noreg. Krigens laboratorium stiller viktige vitskapsetiske spørsmål, som kva ansvar ein har for korleis våpen blir brukt, og kva rolle våpenprodusentar bør få spele i utdanningssystemet.
I boka utfordrar forfattaren oppfatningar om mennesket som krigersk art, og minner om at vi har plikt og moglegheit til å bruke kunnskap for å oppnå fred. Boka bidrar til håp og handlekraft ved å fortelje om korleis vitskapsfolk også har bidratt til nedrusting og fred.
Unni Eikeseth er førstelektor i naturfag ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU. Ho har tidlegare arbeidd som vitskapsjournalist og programleiar i NRK og som lektor i vidaregåande skule. Eikeseth er også sakprosaforfattar av fleire bøker for vaksne og ungdom, der den siste er Krigens laboratorium (2026) på Skald forlag. Boka hennar, Jakten på stedsansen (2018) er omsett til engelsk, polsk og russisk og vart nominert til den polske prisen Madra Ksiazke Roku / “Smart Book Awards” i 2019, og NTNUs litteraturpris i 2020.
Eikeseth har også vore med på å lage ein podcast om lærarane sin ikkje-valdelege kamp mot nazismen under 2. verdskrig.
Etter foredraget blir det mulig å stille spørsmål og komme med kommentarer til det vi har hørt.
Boksalg m/ signering.
Arr.: Fredslaget Sør og Arendal bibliotek
Arrangementet er støttet av Norsk forfattersentrum.
Billetter tilgjengelig fra 19. oktober