Professor Michael Schulte er ein av Nordens fremste ekspertar på runer, og ein ettertrakta foredragshaldar i heile Europa.
Forfedrane våre brukte runer lenge før dei kjente til det latinske alfabetet. Schulte tar oss med på ei lita tidsreise inn i runenes verden. Korleis fungerer runealfabetet eigentleg reint teknisk sett? Eit sentralt tema er runenes opphav, med fokus på latin og norditalske alfabet. Vi ser på dei eldste runefunna frå det andre hundreåret e.Kr., blant anna dei nye funna frå Svingerud ved Tyrifjorden. Eit viktig stikkord er skriftas makt og sjølve ordet rūnō. Videre ser vi på ein del arkaiske og klassiske innskrifter, ikkje minst gullbrakteater. Den vakre Ågedal-brakteaten har ei særleg spennande forskingshistorie. Så tar vi også ein titt på Skutesteinen ved Storhedderfjellet i Setesdal, og andre seinare runeinnskrifter frå mellomalderen, og vi avsluttar med runeinnskrifter etter reformasjonen og runer i vår tid. Sjølvsagt er Havstadrunene med i foredraget til Michael Schulte, som er professor ved Universitetet i Agder.

Arr.: Austegdelaget, Folkeakademiet Arendal og Arendal bibliotek.

Førehandssal av billettar her og sal ved inngang viss ledige billettar.

Auditoriet- Inngang kr 100

Michael Schulte
Michael Schulte
Hopp rett ned til innholdet