Temaet for kvelden er trær og undring over kva enkelttrær kan fortelle oss – og det handlar samtidig om menneske i den store sameksistensen med all natur. Kan den stille styrken og det langsomme i trærne vere ein motkultur til vår tids hektiske og urolege menneskeliv?
Forfattaren Liv Paulsen og Øystein Paulsen (fotograf) har femna trekraft gjennom ord og bilde, og vil ta oss med innover i våre eigne sinn, gjennom trærnes ro, men også gi perspektiv og undring utover eigen verden.
Paret har utgitt boka «Ser deg stå der» som et samarbeidsprosjekt. Dei fleste bilda i boka er fotografert i Arendal og Grimstad kommunar.
Espen Larsen deltar med musikk.
Liv Paulsen har gitt ut to diktsamlinger tidlegare. Øystein Paulsen har vore hovudfotograf til ei rekke bøker, og deltatt på fleire utstillingar.
Frå 9. februar til 28. februar vil utvalte treportrett frå boka vere stilt ut i 2. etasje i Arendal bibliotek. Utstillinga er open for alle i bibliotekets åpningstider.
Arr.: Arendal dialekt- og mållag, Folkeakademiet Arendal og Arendal bibliotek.
Gratisbilletter holdes av her