I år har landslova 750-årsjubileum. Lagabøtes landslov frå 1274 var den første fungerande riksdekkande lov i Europa. Ho verka i Norge gjennom 400 år, og innførte prinsippet om likskap for lova og sikra vanlege folk ei stemme i styre og stell. På den måten la lova eit grunnlag for det moderne demokrati og tillitsbaserte samfunn som me har i Noreg i dag.

Portrettbilde av Jørn Øyrehagen

I 2023 gav professor Jørn Øyrehagen Sunde ut boka «Konge, lova og landet». Han er kjent som ein av landets fremste og mest engasjerande foredragshaldarar, ein folketalar som gjer folk klokare og engasjerte.  Øyrehagen Sunde held foredrag om Kong Magnus Lagabøte, om landslova frå 1274 og det Noreg ho skapte.

Arr.: Austegdelaget, Folkeakademiet Arendal og Arendal bibliotek.

Førehandssal av billettar på arendalbibliotek.no og sal ved inngang viss ledige billettar.
Auditoriet – Inngang kr 100,-



Bokforside av Kongen, lova og landet


Hopp rett ned til innholdet