Når:
29. oktober 2020@13:00-14:00
2020-10-29T13:00:00+01:00
2020-10-29T14:00:00+01:00

Austegdelaget har betydd mykje for dei som har vore så heldige å få vere med, for byen og for distriktet. På det meste kom 250 deltakarar på folkedanskurs på ein kveld! I fleire år før og etter andre verdskrigen var laget fast vertskap for fest for fylkestinget. I heile 28 år, frå 1935 til 1963, var det både kaffistove og bondeheim på Torvet. Under krigen hadde laget folkedanskurs, med dans som motstandsarbeid. Innanlands og utanlands har leikarringen i mange år vore blant Arendals fremste ambassadørar. Laget har vore viktig for Åmli-bunaden. Det ligg ein grunntanke i heile dette arbeidet: Eit menneske er ikkje berre kva det er født til å vere, men kva det veks seg til å bli.

Jan Kløvstad er tidlegare styremedlem og nestleiar i Noregs Ungdomslag, og han har skrive fleire bøker om ungdomslag på landsplan og fylkesplan, om første folkehøgskolen på Sørlandet, og vore redaktør for fleire bøker for blant andre Bokbyen Forlag.
Boksal og signering.

Grunna smittevern deler vi ut billettar biblioteket frå torsdag 22. oktober og ved inngang viss ledige billettar. Begrensa antall plassar.

Arr.: Austegdelaget, Folkeakademiet Arendal og Arendal bibliotek.

Auditoriet Fri inngang

 

Malcare WordPress Security