Riksteatret; «Tung tids tale» av Olaug Nilssen

Ei perle av ei bok blir teater
«Olaug Nilssen tar pusten fra leseren med sin lille roman» VG (terningkast 6), om ei mors kjærleik og kamp for eit barn som er annleis.

Olaug Nilssen er ein av våre mest vitale og engasjerte forfattarar, med ein både skarp og inderleg penn, og med Tung tids tale vann ho i fjor Brageprisen.

Nå har Riksteatret gått saman med Det Norske Teatret og Kilden Teater om å lage teater av denne sterkt personlege og kritikarroste romanen.

Møt ein eller fleire av dei fire skodespelarane Jon Bleiklie Devik, Julie Moe Sandø, Marianne Krogh og Siren Jørgensen/ Charlotte Frogner, i samtale med Inger Margrethe Stoveland.
Du kan også vinne billetter til kveldens forestilling i Arendal kulturhus.

Samtaleleder: Inger Margrethe Stoveland