Tore Renberg og Jørn Øyrehagen Sunde: Å nærme seg historia

Foto av Tore Renberg (Foto: Oktober forlag), Jørn Øyrehagen Sunde (Foto: Hans Jørgen Brun) og Jan Kløvstad (Foto: Mona Hauglid).

Forfattaren Tore Renberg og professor Jørn Øyrehagen Sunde om å nærme seg det historiske stoffet. Korleis les, tolkar og skriv vi historie, kva ansvar har vi for å formidle livet til dei som har levd før oss? 

Tore Renberg er ein av dei mest lesne og heidra forfattarane i Norge, og har fleire gonger tatt utgangspunkt i historiske fakta og utviklingstrekk. «En FANTASTISK bok!», skreiv VG om «Lungeflyteprøven». 

Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Institutt for offentlig rett i Oslo, forskar på Nasjonalbiblioteket, og den fremste eksperten på Landsloven av 1274. Han har tre gonger fått undervisningsprisen ved Juridisk fakultet i Bergen, fekk i 2012 Meltzer-prisen for framifrå formidling, og i 2023 fekk han Sarton-medaljen for framifrå rettshistorisk forsking. 

Samtalen blir leia av Jan Kløvstad. 

Arr.: Arendal dialekt- og mållag, Folkeakademiet Arendal og Arendal bibliotek. 

Førehandssal av billettar på arendalbibliotek.no og sal ved inngang viss ledige billettar. 

Inngang kr 100,- 

Stikkord

Foredrag
  • Dato : 2. september 2025
  • Tid : 19:00 - 20:30 (Europe/Oslo)
  • Sted : Inngangspartiet
Hopp rett ned til innholdet