Måndag 6. februar kl. 19.00


Får me ikkje snakka med nokon, vert me sjuke. Om me ikkje får skriva, er det nok ein del i samfunnet som ikkje saknar det så mykje.

Dette fortel noko grunnleggjande: at snakking er biologi, skriving er sivilisasjon, at snakking er natur, skriving er kultur. Viss snakkinga mellom menneske, fysisk, ansikt til ansikt, gradvis vert marginalisert, slik det synest gå i retning av på totusentalet, er det vår eigenart som menneske me set i spel. Ikkje noko mindre …

Sylfest Lomheim kjem frå Hafslo i Sogn. Han er professor emeritus ved institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder. Han har arbeidd i NRK Fjernsynet og ved universitet i Frankrike, vore språkkonsulent i NRK og medarbeidar i NRKs faste språkprogram sidan 1990. I sju år gav han Språkrådet eit ansikt og ei røyst som uredd, humørfylt og markant direktør og debattant.

Arr.: Austegdelaget, Folkeakademiet Arendal og Arendal bibliotek. 

Førehandssal av billettar og sal ved inngang viss ledige billettar.

Auditoriet – Inngang kr 100,- 

Hopp rett ned til innholdet
Malcare WordPress Security