Tirsdag 19. september kl. 19.00
Poteta har vore ein særs viktig del av menneskeheitas kulturhistorie og næringsgrunnlag i over 10 000 år. Til Norge kom poteta først til våre traktar. Den er allsidig, kraftig, tilpassingsdyktig, mettande og velsmakande. Forfattar Marianne Berg har pløgd historiebøker og besøkt mange land på jakt etter potetars hemmelegheit. Ho har snakka med potetprodusentar, potetforskarar, historikarar og potetetarar i Peru og fleire store potetnasjonar.
Marianne Berg vil mellom anna belyse korleis planteforedling med kryssing av villpotet frå Peru og kultivert potet kan bidra i fattigdomsnedkjemping, og ikkje minst bidra i møte med klimaendringane. Ho fortel ei historie som både er personleg, historisk og samtidsrelevant. Denne kvelden deler ho kunnskap og erfaringar med oss, og ho deler ikkje minst sin eigen lidenskap for poteta.
Arr.: Austegdelaget, Folkeakademiet Arendal og Arendal bibliotek.
Førehandssal av billettar her og sal ved inngang viss ledige billettar.
Auditoriet – Inngang kr 100,-