Torsdag 9. november kl. 19.00
Grønlandskveld med Tore Kvæven
Tore Kvæven vann både Sørlandets litteraturpris og Brageprisen med Når landet mørknar, ein historisk roman lagt til Grønland i 1293. I den norrøne Vesterbygda har ei uro snike seg inn. Kvalrossen som gjorde folk rike, har trekt seg unna. Skipa som segla hit frå Norge og Island for å drive handel, er sjeldnare å sjå. Menneska spør seg: Er dette dei siste tider? Arnar Vilhjalmsson drøymer om å bygge seg skip og segle mot landa i vest. I den draumen finst også jenta Eir.
«Mesterlig norsk roman», skreiv Tom Egeland i VG, og både VG, Fædrelandsvennen og Adresseavisa gav toppkarakter. Dette er imponerande skildringar og botnsolid historisk innsikt.
I tilleg vil Jan Kløvstad, tidlegare direktør i Katuaq – Grønland kulturhus, fortelle om dagens Grønland – plutseleg midt i det storpolitiske spelet i nord.
Arr.: Austegdelaget, Folkeakademiet Arendal og Arendal bibliotek.
Førehandssal av billettar og sal ved inngang viss ledige billettar.
Auditoriet – Inngang kr 100,-