Tysdag 16. januar kl. 19.00:

KAUKASUS. Fra Elbrus til Ararat. 80 vakre fotturer

Kaukasus liknar på Alpane, men er høgare, villare, meir urørt og eksotisk. Truleg har ingen vesteuropear dei seinaste tiåra vandra meir til fots enn Richard Bærug i dette himmelsk vakre fjellområdet. Frå storslagne fjelltoppar buktar svulmande isbrear seg ned mot irrgrønne dalar pryda av rhododendronskogar og ei overveldande blomsterprakt. Med eldgamle sledevegar og feiande flotte fjellstiar er Kaukasus eit draumeterreng for turgåarar.

Det er fortsatt eit eventyrland slik Hamsun skreiv for litt over hundre år sidan. Boka «KAUKASUS. Fra Elbrus til Ararat» gir oss 80 vakre vandringar til fots i den kaukasiske fjellheimen; både i Georgia, Armenia, Aserbajdsjan, Russland og Tyrkia.

Arr.: Austegdelaget, Folkeakademiet Arendal og Arendal bibliotek.

Førehandssal av billettar her og sal ved inngang viss ledige billettar.
Auditoriet – Inngang kr 100,-

Til venstre: portrett av Richard Bærug, til høyre: forside av boka Kaukasus, vakkert naturbilde i bakgrunnen
Hopp rett ned til innholdet