Torsdag 6. juni kl. 16.30
Vi er vant med å høyre Harald Stanghelle intervjue andre i Bakgården under Arendalsuka. Men kva meiner Harald Stanghelle sjølv om viktige spørsmål, som krigane i Midt-Austen og Ukraina, om demokratiske verdiar – og om generasjonsskiftet som nå har begynt i skandinaviske kongehus? Desse og andre spørsmål skal Stanghelle få svare på når Austegdelaget, Folkeakademiet i Arendal og biblioteket inviterer til ein samtaletime.  

Harald Stanghelle er frå Stanghelle like ved Bergen. Han har vore journalist sidan han begynte som frilansar i Dagen i Bergen 15 år gamal. Han blei lokalavisredaktør 19 år gamal, har vore presseoffiser for FN-styrken i Libanon, og sidan journalist og redaktør heilt fram til 2018, dei fleste åra i Aftenposten. Frå 2019 har han vore leiar av hovudprogramkomiteen for  Arendalsuka. Han har også skrive fleire bøker, om kunst, politikk og om kong Harald. Harald Stanghelle er ein av dei mest respekterte og brukte kommentatorane om norsk samfunnsutvikling, – i Aftenposten, NRK og blant anna i Arendalsuka. 

Samtalen blir eit bokbad utan bøker, leia av Jan Kløvstad.  

Arr.: Austegdelaget, Folkeakademiet Arendal og Arendal bibliotek. 

Førehandssal av billettar her og sal ved inngang viss ledige billettar.

Auditoriet – Inngang kr 100,-

Foto av Harald Stangelle fra Stortingets talerstol. Foto Stortinget / Store Norske leksikon
Harald Stanghelle. Foto: Stortinget / Store norke leksikon
Hopp rett ned til innholdet
Malcare WordPress Security