«Hva gjør vel skammen, når han står i den sammen med meg?» Året er 1862. Brita Caisa slepp ut frå fengsel i Pykeijä. Høggravid tråkkjer ho i snødrevet, ho veit ikkje kor ho skal gjere av seg. Kjærasten Mikko sonar framleis for deira forargelege samliv. Han veit ennå ikkje at Brita Caisa bær barnet deira i magen. Ho drøymar om ein heim, ein tømmerpirtti.

Kniven i ilden, første bok i serien «Ruijan Rannalla – Sanger fra ishavet», vann norske lesarars hjarte i 2022. Nå kjem andre bok; Vestersand, som tek oss med til Neiden og Pykeijä, til kvalfangst og tømmerbygging, til snøhav og sauna, til livsfarleg sjalusi og stor kjærleik.

Ingeborg Arvola har skreve ei rekkje bøker for barn og vaksne. Arvolas store gjennombrot kom med den kritikarroste romanen Kniven i ilden (2022), som ho fekk Brageprisen for, og som raskt blei ein bestselgar. Boka blei og nominert til ei rekke prisar, blant anna Nordisk råds litteraturpris 2023.

Boksalg og signering.

Arr.: Austegdelaget, Folkeakademiet Arendal og Arendal bibliotek.

Førehandssal av billettar på arendalbibliotek.no og sal ved inngang viss ledige billettar.
Auditoriet – Inngang kr 100,-

Hopp rett ned til innholdet