Med boka “Husjomfru” avsluttar Hoem familiekrøniken om familien frå Rekneslia. Bøkene har fått ei enorm lesarskare og er svært kritikerroste; «Husjomfru» er eit verdig punkt på ei familiekrønike det knapt finst maken til i moderne, norsk litteratur, i sin frigjerande, gammaldagse romanform» skriv Jan Nyberg i Bergens tidende.
«Husjomfru» fortel om livet til Julie Elisabeth Hoem, felemakar Lars Olsen Hoems yngste dotter. I utgangspunktet er Julie Elisabeth ei ungjente som aldri slår blikket ned, og som vekker oppsikt kvar ho kjem. Ho døyr i 1911 på gamleheimen på Nordnes, 75 år gammal. I dødsfallsprotokollen kan ein lese at ho hadde «Ingen Slegtninger og Intet Efterlatt».
Edvard Hoem debuterte som forfattar i 1969 og har sidan skrive både romanar, dramatikk, salmar og Shakespeare-gjendiktingar. Hoem er ein av Noregs mest folkekjære forfattarar, han har motteke eit vell av prisar – blant anna Kritikerprisen, Språkprisen og Brages hederspris i 2019. Boksalg og signering.
Arrangementet foregår i Arendal bibliotek og blir strømma til biblioteka i Tvedestrand, Grimstad og Lillesand. Prosjekt «Direkte fra Agderbibliotekene».
Arrangementet er støtta av Nasjonalbiblioteket og Agder fylkeskommune.
Gratisbillettar kan haldast av her
Inngangspartiet