Snakking står over skriving.
Snakkinga er det grunnleggjande for mennesket.
Får me ikkje snakka med nokon, vert me sjuke.
Om me ikkje får skriva, er det nok ein del i samfunnet som ikkje saknar det så mykje.
Dette fortel noko grunnleggjande: at snakking er biologi, skriving er sivilisasjon, at snakking er natur, skriving er kultur. Viss snakkinga mellom menneske, fysisk, ansikt til ansikt, gradvis vert marginalisert, slik det synest gå i retning av på totusentalet, er det vår eigenart som menneske me set i spel. Ikkje noko mindre …
Sylfest Lomheim kjem frå Hafslo i Sogn. Han er professor emeritus ved institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder. Han har arbeidd i NRK Fjernsynet og ved universitet i Frankrike, vore språkkonsulent i NRK og medarbeidar i NRKs faste språkprogram sidan 1990. I sju år gav han Språkrådet eit ansikt og ei røyst som uredd, humørfylt og markant direktør og debattant.
Arr.: Austegdelaget, Folkeakademiet Arendal og Arendal bibliotek.
Førehandssal av billettar her og sal ved inngang viss ledige billettar.
Auditoriet – Inngang kr 100,-